Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og utenriksminster Espen Barth Eide sammen med lokførere og vedlikeholdspersonell fra Ukraina som er i Norge for å få opplæring i togtypen som Norge donerer. Foto: Kristin Bentdal Larsen

Fire togsett klare for Ukraina

To år har gått sidan Russlands fullskala invasjon av Ukraina. Som ein del av Noregs bidrag for å halde økonomien og livet i gang i Ukraina, er no fire togsett som Ukraina har bede om, klare for å bli transporterte til det krigsråka landet. Dette er dei første persontoga som er blitt donerte til Ukraina via EUs ordning for sivil beredskap.

På grunn av Russlands fullskalainvasjon er Ukrainas luftrom stengt for sivil luftfart, transportinfrastrukturen er utsett for luftangrep og sjøtransport via Svartehavet er redusert.

– Krigen skaper sjølvsagt utfordringar både med å transportere personar og varer i Ukraina. Samtidig fraktar tog dagleg menneske på flukt ut frå krigsramma lokalsamfunn til sikkerheit andre stader i landet. Moglegheita for transport er avgjerande i ein krigssituasjon, både for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar og for å knyte eit framtidig fritt Ukraina til Europa, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

– Den ukrainske motstandsdyktigheita er imponerande, men blir dagleg sett på prøve.  Dei russiske angrepa på sivil infrastruktur rammar befolkninga hardt. Norsk materiellbistand utgjer eit viktig supplement til den humanitære bistanden til Ukraina. Ukrainarane set stor pris på dei norske bidraga – både dei store humanitære og sivile midla til den ukrainske befolkninga, og enkeltbidrag som toga frå Norske tog, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Eit lite, men viktig bidrag – og den første togdonasjonen frå EU-systemet

Etter førespurnad frå ukrainske styresmakter tok Norske tog AS, i samarbeid med Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) og Utanriksdepartementet, initiativ til å donere togsett til Ukraina som ikkje er i bruk i Noreg.

– Vi har tidlegare donert ti vegbruer. Ukrainske styresmakter har meldt inn behov om fire persontog av togtypen som Norske tog kunne tilby. No er desse fire toga sette i god stand, og er klargjorde for å bli donerte.  Dette er eit lite, men likevel viktig bidrag, og faktisk den første togdonasjonen via EU-systemet til Ukraina, seier samferdselsminister Nygård.

Togsetta som Norske tog donerer, har tidlegare køyrd på jernbanestrekningar i Trøndelag. Desse toga – av «togtype 92» – har blitt erstatta av nytt, moderne materiell. Donasjonen får derfor ingen konsekvensar for togtilbodet i Noreg.

– For at Ukraina skal få eit best mogleg utbyte av donasjonen, er riktig bruk og godt vedlikehald viktig. Lokførarar og vedlikehaldspersonell frå Ukraina får derfor opplæring på førehand her i Noreg av togoperatøren SJ Norge og togvedlikehaldsselskapet Mantena, seier samferdselsminister Nygård.

Store ukrainske behov

Å halde dagleglivet bokstaveleg talt på skjener, er ein viktig del av den norske støtta til Ukraina. Med støtte til FN, Røde Kors-rørsla og norske humanitære organisasjonar har millionar av ukrainarar fått livreddande nødhjelp. Samtidig har omfattande norsk støtte til Verdsbanken bidratt til å halde statshjula i gang – til utdanning, helse og reparasjon av kritisk infrastruktur og tidleg gjenoppbygging.

Noreg gir omfattande sivil og humanitær støtte til Ukraina som følge av Russlands brutale angrepskrig. Saman med 35 land har Norge bidratt til å donere over 100 000 tonn med materiell til Ukraina gjennom EUs ordning for sivil beredskap, UCPM. I tråd med prioriteringar i Nansen-programmet vil Noreg halde fram med å yte materiell og medisinsk bistand ut frå ukrainske behov.

Abonnèr i dag

Du får rett til å publisere egne saker (moderert), tilgang til “+” saker og etterhvert få tilgang til planlagt fordelsklubb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *